Hopp til hovedinnhold
Plakat for Blade Runner 2049 (2017)

Blade Runner 2049

Film
3

Blade Runner 2049 er ein vanskeleg film å skrive om. Det har teke meg over to veker å bli klar til å skrive nokre ord om det som er ein fjern oppfølgar til Blade Runner frå 1982. Mest fjern i tid. Men det er også ein avstand mellom historiane, som gjer at det ikkje er nødvendig å ha sett 1982-filmen først.

Det er mykje å like i Blade Runner 2049. Han leverer nydelege bilder og god musikk. Det er ei historie som er passe djup og opnar for spørsmål, men som ikkje er for djup til å kunne fattast. Koplingane til Blade Runner er få, men gir meining. Karakteren til Harrison Ford blir oppsøkt for ein grunn. Og på papiret er han sentral i framdrifta som Ryan Gosling er del av.

Filmen har evna å kutte vekk overflødig innhald. Sjølv om det visuelle leverer stort, så verkar filmen tona ned. Tempoet er behageleg. Og alt dette er sånt eg vanlegvis set pris på. Men i Blade Runner 2049 saknar eg meir. Når filmen er over stiller eg meg sjølv spørsmålet om dette var alt.

Den kjensla av tomrom som ikkje treff meg, verkar langt sterkare på skribenten på Nexus Wookie’s Blog (nexuswookie.wordpress.com). Omtalen framhevar samspelet mellom foto, musikk og melankoli, og finn noko rørande i karakteren K si einsemd. Eg set pris på mykje av den same gjennomføringa, men blir ståande utan den kjenslemessige koplinga. Det er kanskje difor filmen kjennest mindre for meg enn alt han har å by på skulle tilseie.

Det tok lang tid før eg såg filmen, så eg hadde høge forventingar. Dei blei dessverre ikkje innfridd. Men det blei aldri dei til Blade Runner heller, dei gongene eg såg han. Så det er vel noko med forteljinga og dette oppdikta universet som ikkje treff meg.