Blades of Glory - Filmdagbok

Blades of Glory 2007

På papiret verka Blades of Glory som en jålete film, med kunstløp som den bindande faktoren. Will Ferrell og Jon Heder spelar hovudrollene som to av dei beste enkeltutøvarane i verda, og filmen handlar om at desse skal danse par.

Det geniale her er rollebesetninga. Eg kunne aldri sett for meg Will Ferrell drive med kunstløp, og heller ikkje Jon Heder som anna enn nerden han har spelt hittil. Men det passar perfekt. Med nokon filmtriks og eit grundig skøytekurs blir dette overraskande bra.

Historia er ikkje filmen si sterke side, det er oppbygginga med vitsar, poeng og episodar som gjer denne fornøyeleg. Dei fleste spøkane ser ut til å treffe, og for ein gong skyld skal ikkje Will Ferrell prøve for hardt heile tida. Eg saknar fleire Hollywood-komediar som leverer så bra heile vegen.

No hadde eg middels forventningar til Blades of Glory, fordi han ser ut som ein standard glattpolert A4-komedie. Men han fungerte overraskande bra for det. Det kan nemnast at eg òg har styrt unna filmtrailerar og klipp frå filmen, så eg hadde liten idé om kva eg gjekk til.