Det er ikkje vanskeleg å sjå kvifor denne filmen har fått sin plass blant Golden Globe-nominasjonane med Leonardo DiCaprio for rolla si i filmen. Han er basert på faktiske problem, går føre seg i Afrika og er brutalt skildra, med innslag av massakre og barnesoldatar. Det er ei god romantisk historie med, omgivnadane er nydelege, og det er nok av action i tillegg til drama.
Men det er mest det alvorlege blikket mot diamanthandelen som får æra for at Blood Diamond fungerer som han gjer. At det er den typiske oppskrifta for ein Oscar-statuett bryr meg ikkje så mykje, for når ein film er god, så er det same kva regissøren har hatt i tankane – og om han i heile tatt har sikta mot ein Oscar.
Eg gir meg med dette sagt, ettersom filmen er god på ein måte eg ikkje heilt står god for å gjengi på ein fornuftig måte.