Hopp til hovedinnhold
Plakat for Blow Dry (2001)

Blow Dry

Film
3

Blow Dry er ein enkel film om eit frisørmeisterskap i ein engelsk landsby. Det er først og fremst namna på rollelista som gjer filmen verdt å sjå, så eg nemner fortløpande: Alan Rickman, Bill Nighy, Rachel Griffiths, Rachael Leigh Cook, Josh Hartnett og Natasha Richardson. Meisterskap og konkurranse på film er det unødvendig å gå meir inn på. Gangen til filmen er som det er.

Det flotte med Blow Dry er Bill Nighy som frisør og dritsekk, og Alan Rickman si forvandling i løpet av filmen. Forholda mellom karakterane som er passe komplekst og med opphav i ei passe truverdig bakhistorie, samtidig som det er tåpeleg nok til å bli humor ut av. Stemninga i filmen går mest mot engelsk landsby, litt kaldt, litt aude og difor meir merksemd retta mot karakterane.

Bobby Tanzilo på OnMilwaukee (onmilwaukee.com) meiner filmen er føreseieleg frå starten, men finn nok av både morosame og ømme scener til at turen likevel blir hyggeleg. Han synest nokre personar blir for teikneserieaktige, medan dei sentrale forholda får meir liv. Det er i desse forholda eg også finn mykje av sjarmen. Konkurransen treng ikkje overraske når skodespelarane og den merkelege bakhistoria gir nok å følge med på.

Om enn ingen klassikar, så tenker eg likevel å anbefale Blow Dry, dersom du har sett alle dei lette og uhøgtidelege komediane du veit om, og berre vil ha ein og ein halv time med lett engelsk og amerikansk humor.