Med Blue Hawaii blei Elvis Presley og regissøren Norman Taurog foreint på nytt, og byrjar på eit samarbeid som skulle gå over mange filmar utover 1960-talet. Etter at dei jobba i lag med G.I. Blues, som kom i 1960, spelte Elvis Presley to meir dramatiske roller.
På ein måte kan komedien og musikalen G.I. Blues seiast å vere ein smakebit, og Blue Hawaii startskotet, for det som blei den vidare karriera til Elvis Presley innan sjangeren som så passande blei kalla Elvis movies. Desse filmane er lettare komediar med mange musikalske innslag, og var kommersielle suksessar. Lydsporet til Blue Hawaii låg 20 veker på toppen av albumlistene, 79 veker totalt, og var det nest mest selde lydsporet på 1960-talet.
I filmen spelar Elvis Presley Chad Gates, ein ung mann som kjem heim igjen til Hawaii etter å ha vore to år i militære i Europa. Foreldra hans har lagt ein plan for han, men han ønsker å vere sjølvstendig. Ein sikker jobb i eit fruktselskap blir valt bort til fordel for jobben som turistguide.
Blue Hawaii byr på flust av songnummer. Enkelte glir lett inn i filmen, andre er mindre elegant plassert. Eg veit å sette pris på framføringa av Can't Help Falling in Love, men har mindre sansen for dei Hawaii-inspirerte låtane. Det skal likevel ikkje nektast for at dei bygg stemning.
Eg forventa ein ganske rett fram og heilt grei komedie, og blei positivt overraska over kor ofte filmen tok ting på kornet. Denne forma for overrasking i komedie er etter min smak det som er verdt å trakte etter. Delene der filmen drar ut blir derfor lettare å godta, når filmen leverer så fin humor.