Den 44. filmen til Woody Allen held fram den gode perioden filmskaparen har vore i dei siste åra. Det er eit stykke opp til mine personlege favorittar, men filmen har mange sterke sider.
Ein av desse er Cate Blanchett, ein ypparleg skodespelar. Og når ho attpåtil får jobbe med ein av dei beste regissørane, så blir det nødvendigvis bra. Blue Jasmine handlar om ei kvinne, Jasmine French spelt av Cate Blanchett, som det har klikka for, men som framleis klarar seg nokolunde i lag med folk. Avstanden frå hennar gode stunder til dei dårlege er kort, og ikkje alltid like lett å legge merke til. Register Cate Blanchett spelar på har mykje å seie for å forsterke dei subtile endringane.
Blue Jasmine er eit drama om samanbrotet til ei kvinne. Woody Allen har ofte med nevrotiske karakterar i sine filmar, og Jasmine er ein av desse, som i tillegg er depressiv. På toppen av dette er det lett å la sympatien ligge når dette sjåast. Og heller vitne forfallet av kvinna frå ein posisjon trygt på utsida av historia.
Det er ei irrasjonell dame som har valt å oversjå fakta og sanningar, blant anna når hennar tidlegare mann har svindla ho. Ho har dermed forsterka den ulykkelege situasjonen ho er i sjølv.
Trass i den litt nevrotiske sida til Jasmine, er dette ein annleis Woody Allen-film enn fleirtalet. Det er ingen av karakterane som utmerkar seg som fartyet til personen Woody Allen. Det er få filosofisk lada samtalar. Men heller eit innblikk i to tilsynelatande korttenkte menneske liv, Jasmina og søstera Ginger (Sally Hawkins), som har levd to ulike liv hittil, men som begge er destruktive på sin eigen måte.
Den enkle grunnen til at dette ikkje når heilt opp er at det som komedie ikkje er spisst nok. Som drama stikk det ikkje djupt nok. Det er verken ein drøymande film, ein film som stiller spørsmål eller tar opp andre tema på ein unik måte. Det er nære begge deler i mange tilfelle, og filmen har alt av produksjon, skodespelarar, musikk og den slags i ryggen som godt utført.