Hopp til hovedinnhold
Plakat for Blue Mountain State: The Rise of Thadland (2016)

Blue Mountain State: The Rise of Thadland

Film
2

Blue Mountain State var ein komiserie på tre sesongar mellom 2010–2011. Ein college- og sportskomedie om festing og fotball, med passe dryge vitsar og minimalt med fornuftig handling.

Blue Mountain State: The Rise of Thadland er ein oppfølgar til serien og ein film som står på eigne bein. Det er ein bleik kopi av alle collegekomediar som handlar om å rette eit brorskapshus, og har stort sett overdriving å spele på.

Delar av dette er artig og fantasifullt, sett avskilt frå resten av filmen. Totalt sett er derimot dette lite givande. Eg set ikkje høge krav til collegekomedie, og her var forventningane låge. Men etter å ha sett serien Blue Mountain State forventa eg betre karakterbygging. Rollegalleriet i filmen er passe anonymt, likevel om eg kjente til karakterane frå før.

Jeffrey Rex Bertelsen på I’m Jeffrey Rex (imjeffreyrex.com) meiner også historia er for tynn for ein langfilm, og at tempoet og oppbygginga sviktar. Han får likevel meir glede av Thad og samspelet med Alex enn eg gjer, og anbefaler filmen til fans. Eg skulle gjerne kjent det same gjensynet sterkare. Når karakterane blir så anonyme for meg, er det lite igjen som gjer overdrivingane til noko meir enn lause påfunn.

Blue Mountain State: The Rise of Thadland ligg nærare midten av rangeringsskalaen enn botnen. Men eg finn få grunnar til å sjå han, bortsett frå rolla som oppfølgar. Utover det er dette litt for barnsleg, usmakeleg og utan mål og meining.