Blue Mountain State var ein komiserie på tre sesongar mellom 2010–2011. Ein college- og sportskomedie om festing og fotball, med passe dryge vitsar og minimalt med fornuftig handling.
Blue Mountain State: The Rise of Thadland er ein oppfølgjar til serien og ein film som står på eigne bein. Det er ein bleik kopi av alle collegekomediar som handlar om å rette eit brorskapshus, og har stort sett overdriving å spele på.
Deler av dette er artig og fantasifullt, sett avskilt frå resten av filmen. Totalt sett er derimot dette lite givande. Eg set ikkje høge krav til collegekomedie, og her var forventningane låge. Men etter å ha sett serien Blue Mountain State forventa eg betre karakterbygging. Rollegalleriet i filmen er passe anonymt, likevel om eg kjente til karakterane frå før.
Blue Mountain State: The Rise of Thadland ligg nærare midten av rangeringsskalaen enn botnen. Men eg finn få grunnar til å sjå han, bortsett frå rolla som oppfølgjar. Utover det er dette litt for barnsleg, usmakeleg og utan mål og meining.