The Ambassador Hotel, Los Angeles, California. Dette er utgangspunktet for ein film som tar for seg ulike personar sin dag, ein dag som leiar opp til drapet på presidentkandidat Robert F. Kennedy.
Det er like greit å starte ved starten, sett frå mitt synspunkt. Første gang eg verkeleg fekk auga opp for kva film Bobby kunne vere, var som filmtrailer før Rocky Balboa på kino. Opp til da hadde eg verken fått med meg noko om handlinga eller noko anna relatert til filmen. Det som gjorde Bobby spesiell da var alle dei kjente ansikta, og ikkje minst stemninga filmtraileren gav.
Så har det gått tre månader og eg har no fått sett filmen. Emilio Estevez tok på seg ein svær jobb når han skulle fortelja eit drøss med små historier relatert til hotellet. Han mislykkast i jobben. Ingen av personane i filmen får nok tid på skjermen til at eg klarar å bry meg. Altfor mange interessante skodespelarar får gjort for lite ut av seg, og verka på meg å vere der for å selje filmen. Atmosfæren som blir prøvd skapt på hotellet, han blir ikkje merka.
All den avstanden blir kjedeleg etter kvart, og gjer at slutten av filmen aldri blir meir enn lange minuttar med tomme bilde som går opp igjen og opp igjen. Hadde det ikkje vore for den doble koppen med kaffi eg kosa meg med så hadde eg nok sovna her.
Delen av filmen som faktisk trekk han litt opp igjen er faktadelen, altså radio- og tv-talane av Robert F. Kennedy sjølv. I overkant vinkla som om Bobby var ein helgen, men likevel interessant. Hadde eg derimot vore på jakt etter fakta ville eg ha lese ei bok.