Hopp til hovedinnhold
Plakat for Bolt (2008)

Bolt

Film
3

Det er vanskeleg å røpe handlinga når eg skal fortelje om kva som gjer Bolt til ein artig film. Så det får bli med det overfladiske skrytet. Men det er altså ein actionfylt animasjonsfilm om ein hund, som må trå til for å komme seg heim til eigaren sin. Ingrediensane til filmen er kjente og i blant litt for godt brukte til at dette tar heilt av, men det er fornøyeleg underhalding likevel.

Rodney på The Movie Blog (themovieblog.com) blir også distrahert av kor mykje filmen minner om andre animasjonsfilmar, men meiner humoren og figurane meir enn veg opp for det. Han er særleg begeistra for dei komiske følgesveinane. Eg er litt meir reservert, men kjenner att kombinasjonen. Velkjende ingrediensar kan framleis gi mykje moro når replikkane og farten sit.