Bombshell - Filmdagbok

Bombshell 2019

Bombshell fortel historia om nokre hendingar ved Fox News frå fleire år tilbake sidan, i hovedsak kopla til seksuell trakassering. Hugsar du namnet Megyn Kelly, så kan det forklare deg mykje. Viss ikkje så kan du likevel setje stor pris på denne filmen. For meg var Megyn Kelly berre eit namn i media frå nokre år sidan, som eg ikkje hadde så mange koplingar til.

Utan å gå vidare innpå handlinga så vil eg skildre film slik: Bombshell er ein artig film med seriøst tema basert på ekte hendingar. Jay Roach har regien. Av dei tidlegare sette filmane av han vil eg trekke fram Game Change som ein tilsvarande type film. Ein som tek personar fra samtida og lagar film om dei, utan å bruke andre namn eller forsøke å skjule kva situasjonar det handlar om.

Uavhengig av kva som er tolkinga til Jay Roach eller ikkje, så fungerer filmen godt som eit stykke verkelegheit gjort om til underhalding. Med litt kritisk blikk på det heile, slik det sømmar seg med filmar, så kan ein også plukke ut nokre gode poeng her. Det er iallfall ein film som engasjerer.