Hopp til hovedinnhold
Plakat for Bonnie and Clyde (1967)

Bonnie and Clyde

Film
3

Ein nesten typisk gammal Hollywood-film, men likevel annleis. Bonnie and Clyde er rekna for å vere den første av dei nye Hollywood-filmane.

Lyden i forelesningssalen der eg såg filmen var fæl, det same med stolane, så litt av opplevinga gjekk bort i irritasjon over dette. Men bortsett frå desse delene av opplevinga var filmen ein god ein.

Det er likevel noko som manglar. Filmen er ikkje så fantastisk eller spesiell som han er sagt å vere. Men Bonnie and Clyde leverer god action og ei fin kjærleikshistorie.

På The Bell Tower (belltowerreviews.blogspot.com) blir filmen lesen som meir enn ei actionfylt kjærleikshistorie. Skribenten meiner skildringa av dei lovlause som menneske gav gjenklang hjå eit publikum som sjølv kjende seg svikta av samfunnet. Det set den filmhistoriske plassen i eit tydelegare lys. Eg kjenner ikkje den same store begeistringa, men ein film kan ha treft samtida si svært presist utan å verke like revolusjonerande på ein seinare sjåar.

På sett og vis ein obligatorisk film å ha sett i filmhistorisk perspektiv, men ikkje nødvendig å sjå for den gjennomsnittlege filmsjåar.