
Book Club: The Next Chapter
Eg har aldri sett Book Club, men tenkte at det ikkje ville bety så mykje for ein film som denne å gå rett på oppfølgaren. Og det kan til ei viss grad stemme, for eg sakna ikkje noko bakhistorie for å kunne få noko ut av Book Club: The Next Chapter.
Det er ein heilt kurant film. Det er stivt og framføringa av humoristiske innslag treff ikkje heilt. Kanskje ikkje rart med tanke på at det er fire gamle og til dels litt trege hovudrollar. Men dei har levert solide prestasjonar tidlegare, så eg forventa vel meir.
Handlinga er litt tynn. Det heng såvidt saman, men er mest ein unnskyldning for å vise litt eldrehumor i Italia. Men samtidig er det litt koseleg òg.
Kvinnene ser mest til å bry seg om kva dei går med, snakke om draumane sine og skjebnen. Det blir aldri noko karakterstudie eller drama som stikk djupar. Mykje av dialogen blir levert som om dei ikkje snakka saman, eller forsøker hardt å vere tydelege. Det meste går føre seg på overflata. Kanskje forgjengaren hadde meir å by på av dette. Men det skadar ikkje å gjenta seg då tenker eg.
Desse skodespelarane fortener meir å arbeide med. Nell Minow på RogerEbert.com (rogerebert.com) meiner at manuset reduserer kvinnene til enkle eigenskapar og gir dei for lite interessant å seie. Ho er langt hardare mot filmen enn eg, men kritikken treff noko av det same. Problemet er ikkje mangel på erfaring framfor kameraet, men at replikkane og karakterane sjeldan får utvikle seg forbi dei opplagde vitsane.
På sitt beste er det likevel små, underhaldande stunder. Det er litt å le av om eg legg godvilje til.
