Hopp til hovedinnhold
Plakat for Booksmart (2019)

Booksmart

Film
3

Filmen Booksmart handlar om to unge kvinner, Amy og Molly. Dei har prioritert skulen gjennom heile vidaregåandetida. Men no vil dei feste litt før dei skal bli uteksaminert.

Amy og Molly blir framstilt som hyggelege og smarte, men også naive. Dei har ein iver etter å oppleve alt dei har gått glipp av på grunn av skulearbeid. Det er tempo i filmen. Han er full av montasjar og rask klipping. Og han er god på å treffe med komedien.

Eit god val av musikk og mykje fargar gir òg eit frisk preg. Dialogane er kjappe, tullete, men ikkje for vulgære. Filmen veit å balansere på grensa, men treng ikkje rølp for å vise seg.

Duncan Gray finn mykje av sjarmen i samspelet mellom dei to på The Perpetual Present (theperpetualpresent.com). Han meiner filmen lener seg tungt på kjemien deira, sjølv om påfunna ikkje alltid er like originale. Han likar òg korleis dei oppdagar at medelevar på den andre sida av sosiale skilje kan vere hyggelege. Det gir komedien ein varme i tillegg til dei kjappe replikkane, og gjer at han er meir enn berre ei framstilling av ei hektisk og festleg natt.

Eg tykte at Booksmart hadde ein god del morosame stunder.