Hopp til hovedinnhold
Plakat for Borat: Cultural Learnings of America for Make Benefit Glorious Nation of Kazakhstan (2006)

Borat: Cultural Learnings of America for Make Benefit Glorious Nation of Kazakhstan

Film
4

Eg skal hoppe over politikk, og i heile tatt kritikk, for dette var ikkje anna enn utruleg morosamt. Den beste komedien i år, og det skal vanskeleg til for å gjere det artigare enn dette. Og filmen viser at det ikkje berre er korte tv-innslag med Borat som kan vere artig, for dette er mykje betre enn alle dei små tv-innslaga åleine.

Eit par overraskingar dukkar også opp, som kva historie som er det eigentlege utgangspunktet for bilturen til Borat i USA. Forventningane mine var høge, og dei vart innfridd, pluss meir til.

Vegen mellom dei mange opptrinna får ei lita innvending på A Nutshell Review (anutshellreview.blogspot.com). Skribenten synest tempoet hoppar litt når filmen går frå episode til episode, men finn stadig nye latterpunkt før det rekk å bli seigt. Eg opplevde heilskapen som endå meir vellukka. Borat held ikkje berre i korte dosar, men gir nok variasjon og overraskingar til at denne bilturen blir noko av det morosamaste eg har sett.

Ein av filmane frå 2006 du må sjå!