Børning er enkel og god underhalding med bilkøyring som midtpunkt. Me møter karakteren Roy spelt av Anders Baasmo Christiansen. Han lev for å halde på med bil.
I denne filmen som i skrivande stund er den første av tre Børning-filmar, står han opp mot to utfordringar. Den eine er å vinne eit billøp som går Noreg på langs. Den andre er å handtere ei dotter han ikkje ser ut til å bry seg for mykje med.
Billøpet står mellom Roy i ein amerikanar og TT i ein japansk bil. Det er altså ikkje berre mellom to personar det står, men mellom to bilmiljø.
Løpdeltakar får fort politiet etter seg, representert av politimannen Philip Mørk som ikkje har grenser, ypparleg spelt av Henrik Mestad.
Filmen er ei lett blanding av action og komedie. Det er ein film som ikkje tek seg sjølv for seriøst, men som evnar å treffe på nokon dramatiske punkt for å gjere karakterbygginga god.
Børning er kanskje ein av dei best gjennomførte norske hovudstraumsfilmane eg har sett. Han når ikkje nødvendigvis til topps på alt, men han er godt laga og har alle dei rette elementa for at filmen fungerer.