Hopp til hovedinnhold
Plakat for Børning 3 (2020)

Børning 3

Film
3

Børning 3 er enkel og god underhalding med bilkøyring som midtpunkt. I denne tredje Børning-filmen er Roy spelt av Anders Baasmo Christiansen i ferd med å gifte seg. Det går ikkje heilt som planlagt, og han blir utfordra til å delta i eit løp på Nürburgring i Tyskland.

I den første filmen stod det om å vinne eit billøp som går Noreg på langs. Og å handtere ei dotter han ikkje såg ut til å bry seg for mykje med. I Børning 2 handla det om å hente heim igjen dottera, som sit på med ein fyr som skal delta i eit løp frå vest i Noreg til Murmansk nord i Russland.

I denne tredje filmen er søkelyset retta mot problema mellom Roy og ho han skal gifte seg med. Som elles blir spelt av ei ny dame samanlikna med dei to førre filmane.

Billøpet står her mellom amatør og proff, kor Roy er amatør og ein tysk motstandar er proff.

Politimannen Philip Mørk er også tilbake, i ei litt ny rolle samanlikna med tidlegare, noko som gir filmen ei anna vektlegging og eit passe friskt pusk.

Filmen er som dei andre Børning-filmane ei blanding av action og komedie. Han tek ikkje seg sjølv for seriøst, men treff likevel godt på nokon dramatiske punkt for karakterbygginga sin del.

For Tore Andre Øyås på Filmkikk (filmkikk.no) er bilscenene sterkare enn historia rundt. Han rosar lyd- og kameraarbeidet når farten aukar, men reagerer på både digitale effektar og svake grunnar til at karakterane handlar som dei gjer. Eg toler enklare rammer her og finn nokre gode dramatiske punkt. Likevel er det bilane filmen er mest avhengig av for å halde på interessa.

Børning 3 føyer seg inn etter Børning 2 som ein stabil oppfølgar. Det er litt vanskeleg å samanlikne med forgjengaren, men eg hamnar på det at dei er omtrent like gode alle saman.