Bottled with Love - Filmdagbok

Bottled with Love 2019

Bottled with Love er ein romantisk komedie frå Hallmark av det fine slaget. Det er enkelt som mykje anna frå Hallmark, men så har filmen ein god skodespelar i hovudrolla som gir ei passe god djupn inn i dette lettfattelege universet.

Bethany Joy Lenz, godt kjent frå One Tree Hill, spelar ei ung og einsleg kvinne som får svar på ein flaskepost ho sender ut. Stort meir enn som så er det ikkje vits å nemne. For filmen går sin føreseielege gang frå første stund, og det skal lite til for å sjå kva kurs som er staka ut.

Det er eigentleg ikkje så mykje meir å sei om filmen heller eigentleg. Han er akkurat så god som eg hadde håpa på. Men han er ingen stor sak samanlikna med det beste innanfor sjangeren på tvers av kino og strøymefilmar. Bottled with Love er god og koseleg som masseprodusert Hallmark-film.