Branded to Kill - Filmdagbok

Branded to Kill 1967

Også kjent som Branded to Kill. Ein veldig rar japansk film, som ikkje gav så mykje meining. Anna enn at det handla om den tredje beste leigemordaren i Japan, som innan organisert kriminalitet drep ein haug med folk. Filmen er noko av det meir spesielle eg har sett innan forteljarteknikk og klipping i det siste. Her var alt unødvendig, og kanskje meir, tatt vekk til fordel for uforståelege scener med uforståelege samtalar.

Filmen var likevel ikkje dårleg på nokon måte, det heile var akkurat passe sprøtt til at det var interessant. Hanada Goro (Jo Shishido), hovudpersonen her ser ut som ein japansk versjon av Dustin Hoffman, og har ein ting for lukta av kokande ris. Han er elles også ein vanskeleg person å forstå.