Strings, eller Bravetown som han også går som, er ein film om ein underårig type frå New York. Han er DJ på natta, og styrer på med diverse greier han ikkje har lov til. Når han blir tatt med narkotika, får me vite at han har hatt trøbbel før, og at dette var dråpen.
Han får ein siste utveg, som er å flytte til sin ukjente far godt utanfor grepet til New York. Staden han hamnar på er ein prega av mange falne soldatar. Og vår hovudrolle blir gradvis tvinga til å sjå annleis på livet, etter kvart som han møter folk med eit heilt anna forhold til kvardagen.
Strings er eit emosjonelt drama som speler på kjente strenger. Småby, vaksne unge, seriøs tematikk som krig og depresjon, enkel kjærleik og forsøk på å vere kul. Alt gjennomført på ein grei måte, så eg har strengt tatt lite i mot filmen. Men eg tykte også at deler av filmen er komisk og lite truverdig.
Heller ingen av karakterane treffer meir enn greitt. I dramasjangeren som Strings går for er dette essensielt, og her taper filmen terreng.