I Breakfast at Tiffany's, min første sette film med Audrey Hepburn, spelar dama den søte og sjarmerande Holly Golightly. Ei modelldame eller noko liknande på stadig jakt etter ein rik, gifteklar mann.
Inn i leilegheitskomplekset til Miss Golightly flyttar forfattar og mannleg prostituerte Paul Varjek (George Peppard), som etter kvart går under namnet Fred. Holly og Fred blir fort venner, men det blir tydeleg at Fred etter kvart ønsker meir enn vennskap. For ikkje å verke for puslete i formuleringane her så legg eg til på elegant vis at Fred får jævla lyst på Holly.
Breakfast at Tiffany's er ein lang film. Lenge kunne eg ikkje forstå at han kunne ha noko å gjere blant høgt akta filmar. Her var ikkje meir enn lange, støyande eller kjedelege sekvensar etter kvarandre. Audrey Hepburn klarte å holde meg fast, men det var liksom det.
Så byrjar filmen smått å finne form. Holly kjem tydelegare fram som teasen ho er overfor den patetiske pingla Fred. At dette kom på bana gjorde at eg fekk noko i filmen å gripe tak i, nok til at den rodde seg i land. Eg har ingenting i mot ein romantisk komedie, dei eldre hovudstraumsfilmane innan sjangeren har gjerne ein litt annan stil som gjer det til ei fin forandring. Men Breakfast at Tiffany's ber i starten for mykje preg av å vere ein eldre filmen med utruleg tørr sosietetshumor.
No har eg gjentatt det eg misliker med filmen eit par gonger, fått fram at det er den andre timen som er god her. Filmen blir ein heilt grei film sett i heilskap, så eg skriv veldig snart punktum for no. Til slutt må eg berre nemna at filmmusikken ikkje var den dummaste her, og gjorde eit par scener til gode filmopplevingar.