Hopp til hovedinnhold
Plakat for Bridesmaids (2011)

Bridesmaids

Film
4

Bridesmaids kunne lett ha vore ei overflatisk og masete jentefilmutgåve av The Hangover, men det er det ikkje. Det er ei historie med rom for både galskap og nokre triste augeblikk. Og karakterane framstår som ekte nok.

Filmen bygg på mange kjende grep: Kaotisk førebuing til bryllaup, vennskap som blir sette på prøve, ny rik veninne som truar plassen til den gamle. Men det blir gjort med omhu for karakterane i filmen og god timing. Då blir både morosamt. Kristen Wiig gjer ein glimrande hovudrolle. Ho er ofte god på det seriøse uttrykket, men likevel vere morosam.

Det er mykje sprø humor her. Nokre scener går litt vel langt. Men for meg blei ikkje berre sjokkeffekten, det er noko meir der slik at det går.

Lina Lamont på Lina Lamont (linalamont.wordpress.com) synest fleire av dei store komiske scenene er for lange og for lite morosame. Likevel meiner ho skodespelet gir filmen ei sanning og ei djupn som held smilet i gang. Eg toler dei dryge innslaga betre, men kjenner att kvifor personane er så viktige. Utan dei triste stundene og det seriøse uttrykket til Kristen Wiig ville galskapen hatt langt mindre å stå på.