Ein god barnefilm skal i mine auger appellere like godt til både barn og vaksne. Måten han skal gjere det på er ved å vere spennande for barna og kunne gi dei vaksne inntrykk av å vere barn igjen. Bridge to Terabithia klarte å involvere meg i både karakterane og fantasien. Han utfordrar dessutan sistnemnte til ei viss grad, og innfallet av spesialeffektar er minimalt til fordel for filmen i forhold til kva filmtraileren kunne gi inntrykk av.
Alvoret pregar Bridge to Terabithia. Eg er fan av barnefilmar som torer å gjere noko ekstra forutan å underhalda, då kvardagen trass i alt ikkje er ein dans på roser for alle. Protagonisten Jesse blir mobba på skulen og delvis oversett i heimen. Når nabohuset får nye bebuarar tar det kort tid før jentungen deira og Jesse blir venner, og dikter opp eit kongerike på andre sida av bekken.
Få filmar er perfekte, Bridge to Terabithia har nokon små lastar den med. Eg er mindre glad i religiøse undertonar, men kan gjerne gå god for filmar som faktisk handlar om religion. Denne har undertonar eg kunne klart meg forutan, heldigvis er dei få. Så var det spesialeffektane, som i blant er eit godt supplement til filmen og bidrar til moglegheita å sjå verda gjennom auga til ungane, andre gonger er det unødvendig og kunne ha vore unngått.
Som konklusjon kan eg sei meg positivt overraska. Eg visste at dette ikkje var ein film fullpakka med spesialeffektar, slik som filmtraileren likevel gav inntrykk av. Eg forventa såleis ein heilt grei barnefilm, det eg fekk var ein god barnefilm som ikkje ligg langt unna favoritten min frå i fjor, Zathura: A Space Adventure.