Så har eg fått sett han sjølv, ein av år dei mest omdiskuterte filmane i 2005. For å vere ærleg, så er det faktisk eit veldig godt drama, og ein trist film. Handlinga strekk seg over mange år, og ting skjer difor i eit visst tempo. Det er ingen openheit om kva folk eigentleg tenker her, men meir av ei fluge på veggen-film. Du ser det som skjer, men du veit ikkje kvifor folk gjer det dei gjer, og ikkje.
Det er ikkje til å unngå å nemne at filmen handlar om to homofile, det er grunnmuren i filmen, og hadde du erstatta eine fyren med ei dame så hadde kanskje filmen vorte så meiningslaus at han hadde vore artig? På grunn av at det omhandlar to homofile, så har eg delte meiningar om dei mest intense scenene. Det er godt skodespel, men det blir ein distanse mellom dette og meg som påverkar.