
Broken Arrow
Broken Arrow er action på skikkeleg 1990-talsvis. John Travolta står sentralt i eit opplegg med atomvåpen, svik og mykje som skal eksplodere. Eg synest dette er kurant underhaldning.
Vic Deakins (John Travolta) stel to atomstridshovud under ei militærøving. Medpiloten Riley Hale (Christian Slater) overlever forsøket på å bli kvitt han og prøver å stoppe planen. Ein skogvaktar blir også trekt inn i jakta.
John Woo gir meg ikkje alltid det beste dramaet. Her skulle eg gjerne hatt betre rollefigurar, men actionen er god nok til at filmen kjem greitt frå det. Eg blir med på opplegget sjølv om eg ikkje interesserer meg like mykje for menneska som er involverte.
Grant Watson trekker på FictionMachine (fictionmachine.com) fram motsetningsforholdet mellom dei to mennene som noko som løftar filmen. Han meiner også at mykje av actionen er ganske ordinær, men godt presentert. Eg saknar meir i dramaet, men får nok ut av actionen til at dette fungerer.
