Hopp til hovedinnhold
Plakat for Broken Flowers (2005)

Broken Flowers

Film
4

Eg har ikkje heilt den store tiltrua til filmsmaken til folk, og tenker med ein gong når eg har funne ein fin, roleg og spesiell film, at eg nok er den einaste som vil like han. Det tenkte eg etter å ha sett denne òg. Jim Jarmusch har skrive og regissert denne gode blandinga av bilde, lyd og ei rar historie, og Bill Murray passar perfekt som det rare midtpunktet.

Eg er i alle fall ikkje samd med omtalen på Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com). Der blir den rolege starten nesten uuthaldeleg, og Bill Murray sin tilbaketrekte figur verkar meir uinteressert enn interessant. Det er ein tydeleg motreaksjon til det eg likar ved filmen. For meg passar Bill Murray nettopp inn i denne rare blandinga av bilde, lyd og ei stillferdig historie. Det låge tempoet gir rom for noko eg gjerne vil bli verande i.

Eit par andre interessante ansikt dukkar også opp. Alexis Dziena sin rollefigur Lolita refererer direkte til Nabokov sin lyriske og mørke komiske roman, utan å vere heilt klar over at med kvart einaste forførariske sleik på kjærleik på pinnen, så følger ho skjebnen til romanen.

Som konklusjon til denne filmen vil eg enkelt å greitt seie at eg vil anbefale han.