Hopp til hovedinnhold
Plakat for Brooklyn (2015)

Brooklyn

Film
4

Brooklyn er min type film, det er ikkje til å nekte for. Eit visuelt pent romantisk drama med både godt miljø og gode karakterar.

Ei ung kvinne flyttar frå Irland til Brooklyn, New York. Me følger ho frå å vere usikker og ny, til å bli sjølvsikker, men framleis splitta mellom sitt tidlegare liv og det nye då ho tar si første reise heim igjen.

Eg likar også korleis Brooklyn trekk meg inn i historia. Avstandane, tida og kjenslene gir inntrykk av ein truverdig bit historie. Samtidig er uttrykket filmatisk. Med andre ord er det ein film som er rik på uttrykk.

Eit gjensyn gjorde filmen endå sterkare for Ashley Hajimirsadeghi på Ashley Hajimirsadeghi (ashleyhajimirsadeghi.com). Ho framhevar varmen i historia og Saoirse Ronan si evne til å gjere rolla til si eiga. Det er lett å kjenne att begeistringa. Eg blir også trekt inn i denne verda og ønsker å bli verande, sjølv om eg skulle ønske at nokre av vala til hovudpersonen gav meg større grunn til å sjå opp til henne.

Når filmen nærmar seg slutten like under to timar, er det som om eg kunne tenke meg at han var dobbelt så lang. Det har å gjere med at det me til då har blitt fortalt, berre er starten på eit liv med stort håp framover.

Brooklyn er ein film eg kunne ha gått systematisk gjennom og sagt at det og det likar eg. Samtidig likar assosiasjonane eg får til filmen, på bakgrunn av den solide gjengen som er involvert, og andre filmar eg tenker på undervegs.

For å ta det eit hakk ned igjen mot slutten, så har eg ikkje nødvendigvis sansen for alle sidene ved vår hovudrolle, spelt av Saoirse Ronan. For at dette skulle ha blitt ein topp film for meg, måtte ho ha vore ein person med større personleg styrke, altså ein person eg kunne ha sett meir opp til. Eg er ikkje spesielt interessert i å sjå negative trekk i karakterar bli framstilt som menneskeleg og positivt, og dette er mi einaste innvending mot Brooklyn.