Hopp til hovedinnhold
Plakat for Brother Bear 2 (2006)

Brother Bear 2

Film
3

Brother Bear 2 er ein oppfølgar til Brother Bear, og kom tre år etter den første filmen. Det er ei fortsetting av historia, og samtidig eit nytt kapittel i livet til Kenai, guten som blei til ein bjørn. Filmen kom rett på video i si tid, men er likevel ein god film som kunne ha vore verdig ei kinovisning.

Patrick Dempsey har overtatt stemma til Kenai, som Joaquin Phoenix hadde i den første filmen. Den er forsåvidt den største endringar i produksjonen eg legg merke til. For eg koste meg omtrent like mykje med denne filmen som Brother Bear. Det er ein film som med ei ny historie ser framover og gjer si eiga greie i stor grad.

Mens nokon Disney-oppfølgarar som kom rett på video enten endrar på historia frå førstefilmen, eller skal prøve å fylle nokon hol, så er Brother Bear 2 ei forlenging. Det er ein minst like seriøs film som Brother Bear, som er innom sin del av alvor i løpet av speletida si. Og med nye livssituasjonar som blir fortalt om, så er han også passe annleis.

Trish på Trish Babbles (babbletrish.blogspot.com) er mindre fornøgd med denne forlenginga. Ho meiner utgangspunktet er interessant, men at reisa blir for føreseieleg og ikkje brukar ideen godt nok. Det er ei innvending eg forstår, sjølv om eg får meir glede av filmen. For meg er det viktigaste at han gir Kenai nye livssituasjonar og rom for alvor, utan berre å gjenta den første historia.

Brother Bear 2 er ei trygg anbefaling viss du likte førstefilmen.