Brother Bear 2 - Filmdagbok

Brother Bear 2 2006

Brother Bear 2 er ein oppfølgjar til Brother Bear, og kom tre år etter den første filmen. Det er ei fortsetjing av historia, og samtidig eit nytt kapittel i livet til Kenai, guten som blei til ein bjørn. Filmen kom rett på video i si tid, men er likevel ein god film som kunne ha vore verdig ei kinovisning.

Patrick Dempsey har overtatt stemma til Kenai, som Joaquin Phoenix hadde i den første filmen. Den er forsåvidt den største endringar i produksjonen eg legg merke til. For eg koste meg omtrent like mykje med denne filmen som Brother Bear. Det er ein film som med ei ny historie ser framover og gjer si eiga greie i stor grad. Mens nokon Disney-oppfølgjarar som kom rett på video enten endrar på historia frå førstefilmen, eller skal prøve å fylle nokon hol, så er Brother Bear 2 ei forlenging. Det er ein minst like seriøs film som Brother Bear, som er innom sin del av alvor i løpet av speletida si. Og med nye livssituasjonar som blir fortalt om, så er han også passe annleis.

Brother Bear 2 er ei trygg anbefaling viss du likte førstefilmen.