Hopp til hovedinnhold
Plakat for Budbringeren (1997)

Budbringeren

Film
4

Pål Sletaune løftar fram det rare og merkverdige i norsk kvardag med Budbringeren. Filmen fangar ei mørk, skiten og urban side ved Oslo. Men krydra med humor og sjølvironi. Så det blir ikkje for alvorleg.

Det skitne preget er meir enn ein kulisse i omtalen til Tor Aavatsmark på Lyd & Bilde (lydogbilde.no). Han trekker fram korleis slitne menneske, forfalne hus og mørke bakgater høyrer saman i eit eige univers. Samtidig finn han både sjarm og mørk humor der. Det passar godt med kvifor eg likar filmen, at denne dystre sida av Oslo blir underhaldande utan at det merkelege og utrivelege blir viska bort.

Karakterane er antiheltar. Dei er fulle av feil og har dårlege sider.

Eg tenker at filmen har meir å seie enn han gjer, men det er berre når eg tenker meg om. Så eg gjer ikkje eit nummer ut av det.

Pål Sletaune har laga noko unikt. Heldigvis er det underhaldande og morosamt. Altså ikkje for tung til å vere mørk og skiten.