
Buddy
Buddy er ein god norsk film, han er morosam, har varme og skodespelarar som stort sett gjer ein god jobb.
I ei leilegheit på Tøyensenteret har Kristoffer (Nicolai Cleve Broch) og Geir (Aksel Hennie) flytta inn hjå Stig Inge (Anders Baasmo Christiansen), Kristoffer og Geir jobbar med å henge opp plakatar for Norboards og er elles bestevenner. Ved sidan av jobben fører Kristoffer videodagbok og det er ei kopling mellom ein mista opptakar og TV 2 som vil styre filmen.
Vennskapen mellom Kristoffer og Geir gjennom TV 2-forløpet er ikkje det einaste viktige. Stig Inge som ny romkamerat og venn og fortida til Geir har også mykje å seie. Det same har det turbulente kjærleikslivet til Kristoffer. Han vinglar mellom Elisabeth (Janne Formoe) og Henriette (Pia Tjelta).
I det heile byr ikkje Buddy på store overraskingar. Karakterane får tildelt sin plass og si historie tidleg og det som skjer utover er som forventa. Uansett handlar ikkje dette om originalitet, i sjiktet romantisk komedie som han høyrer til er han ein solid produksjon. Innslag av klisjear er fleire, men ikkje spesielt øydeleggande. I dei mest dramatiske scenene viser dessverre enkelte skodespelarar sine dårlege sider. Men forutan det er blandinga av alvor og humor god. Heilskapleg likte eg Buddy ganske godt, og betre enn håpa på.
Varme og attkjennelege personar veg opp for mykje av det velkjende også for Henny Wouters på Cinemagazine (cinemagazine.nl). Omtalen rosar korleis Morten Tyldum samlar romantikk, drama og fjernsynssatire, trass i ein treg start og fleire klisjear mot slutten. Det passar godt med gleda mi over heilskapen. Filmen treng ikkje overraske stort når vennskapen og kjærleikstrøbbelet gir nok grunn til å bry seg om dei som står midt oppi det.
