
Bullet Train
Lik mange filmar frå tidleg 2000-tal, prøver Bullet Train å vere ein lur og høgtempo fortalt sak. Og han oppnår det delvis. Men så dreg det heile ut med at han gjentek poenga sine for mange gonger. Og at filmskaparen ikkje veit å gi seg tidsnok. Både med tanke på forteljinga av vitsar undervegs, generell formidling av ulike poeng, og ikkje minst når filmen burde slutte. Filmen fell i den store samlinga av godkjent underhalding, kjedelege innimellom, og ein film som vil bli gløymt fort.
Richard Gray på The Reel Bits (thereelbits.com) peikar òg på at filmen nesten snublar i sitt eige uttrykk, med stadig nye tilbakeblikk og sidehistorier. Han finn likevel meir glede i farten og skodespelarane enn eg gjer. Det er lett å skjøne at energien kan vere morosam, men for meg blir gjentakingane etter kvart sterkare enn drivkrafta. Filmen hadde tent på å gi seg tidlegare.
