Hopp til hovedinnhold
Plakat for Burnley v Manchester United (1902)

Burnley v Manchester United

Film
2

Burnley v Manchester United er Manchester United sin aller første kamp under dette namnet, og er i tillegg fanga på film. Dei vann 2-0. Kamera og resten av det tekniske er eit vonbrot til samanlikning med dagens tv-kampar. Dessverre er dette ein av svært få filmar i samlinga si, som har dårleg bildekvalitet.

Fotballinteressa kan nok gjere mykje for gleda av ein slik film. Skribenten på Cinema, etc. (cinemaetc.co.uk) finn stor sjarm i å sjå klubbar, bane og spelarar frå ei anna tid, sjølv om opptaket er skadd. Eg heng meg meir opp i den dårlege bildekvaliteten. Det er likevel eit forståeleg døme på at verdien av opptaket kan ligge i meir enn det tekniske.