Bury My Heart at Wounded Knee fortel historia til indianarane på 1860- og 1870-talet, om deira overgang frå tradisjonell levemåte til å leve i reservat.
Det er ei forteljing som prøver å setje lys på dei dårlege sidene ved det som skjedde, og tilsynelatande prøver å unngå eit einsretta perspektiv.
Det er såleis eit interessant innblikk i ein del av historia eg ikkje kjenner så mykje til. Det er ikkje den dystraste framstillinga, men innhaldet er alvorleg nok.
Laga for HBO er dette strengt tatt ein tv-film, men med høg produksjonskvalitet. Du merkar at budsjettet strammar på nokon deler, som i kampscenene, men det er berre flisespikkeri. Filmen har solid skodespel og ei god lengd, og er nesten upåklageleg.
Ein av dei tinga eg er mest kresen på når det gjeld film er i kva grad han held eit høgt nivå heile vegen, eller er kjedeleg innimellom. Bury My Heart at Wounded Knee er litt kjedeleg innimellom, men det er heldigvis ikkje ofte og det blir min einaste kritikk. Det er mykje anna eg kunne ha nemnt, men det blir feil å laste denne filmen for noko han ikkje er meint å vere.