Hopp til hovedinnhold
Plakat for Bush's Brain (2004)

Bush's Brain

Film
2

Interessant i starten, men dette blir i overkant av anti George W. Bush-propaganda også for meg som ikkje likar fyren. Ti minuttar med tommel opp, 70 minuttar med tommel ned, det er ei veldig dårleg fordeling.

Til og med Fahrenheit 9/11 er meir balansert enn dette, og Fahrenheit 9/11 er laga av den vonde Michael Moore.

Ed Gonzalez på Slant Magazine (slantmagazine.com) er meir villig til å godta den enkle forma fordi han meiner filmen har ein tydeleg politisk funksjon. Han reagerer likevel på den vondskapsfulle forteljarstemma som les opp svaret frå Karl Rove. Eg har mindre tolmod med heilskapen. At eg ikkje likar George W. Bush, gjer ikkje ei einsidig framstilling meir interessant. Etter den lovande starten ville eg ha meir å vurdere enn stadig fleire grunnar til å vere samd.