
Café
Café er eit forsøk. Enkelte vil kanskje like forsøket. I blant synest eg at eit forsøk kan vere godt nok, men ikkje med Café.
Café prøver å skape atmosfære. Café prøver å ta opp seriøse tema og vere lur, blant anna med forsøket på ein lur slutt.
Alle desse forsøka mislykkast.
Det som er igjen er eit par gode og fleire halvgode dialogar. Eit tilnærma romantisk innslag blant dei tilsette. Noko som grensar mot komedie. Men stort sett er det beste Café får til å unngå noko som helst, verken godt eller dårleg.
Det blir med forsøket for Café.
Skribenten på Gorgon Reviews (gorgonreviews.com) finn også klisjear og tåpelege innslag, men gir filmen meir att for å prøve noko annleis med avslutninga. Der blir forsøket i seg sjølv nok til å løfte inntrykket. Eg sit igjen på motsett side. Ei uventa vending gir meg lite når verken stemninga, personane eller tankane rundt har blitt interessante nok på vegen dit.
