Caffeine - Filmdagbok

Caffeine 2007

Caffeine er eit forsøk på å lage ein ny Do the Right Thing eller Barbershop utan rasediskusjonen, sett til ein loftkafé der alt ser ut til å gå feil på ein og same dag. Med ei rollebesetning som tv-frelste vil smile over å kjenne igjen så mange frå.

John Cosgrove har regissert denne situasjonskomedien. Heile filmen er sett til eit lite kafémiljø der alle ser ut til å ha ein dårleg dag. Øydelagde forhold er nok det som tar opp mesteparten av filmen.

Potensialet er her, Caffeine har ideen for morosame situasjonar og fargerike karakterar, men det kjennest påtvinga og kunstig, så lite kjem ut av det som anna enn gjennomsnittleg underhaldande. Det tar over halve filmen før nokon av karakterane i heile tatt blir litt interessante, dette skadar sjølvsagt filmen.

Stort meir er det ikkje å sei. Eg vil verken framheve noko eller påstå noko er direkte elendig, det er rett og slett ein ganske så tom film.