Call Me Crazy: A Five Film - Filmdagbok

Call Me Crazy: A Five Film 2013

Fem historier om mental sjukdom utgjer Call Me Crazy: A Five Film. Regissert, produsert og spelt av kjente personar frå amerikansk filmbransje. Brittany Snow spelar den einaste karakteren som går igjen i meir enn eit av segmenta.

Schizofreni, bipolar, depresjon, posttraumatisk stressyndrom og pårørande er dei sentrale tema i dei fem segmenta. Det er eit seriøst blikk på personar som er ramma, og til dels kva som kan bli gjort. Som ein opplysande film, men også med interessante karakterar og filmatiske historiegrep som gjer det til meir enn ein eventuell informasjonsreklame.

Nivået er godt, men ikkje topp. Eg får ikkje tak på dette som ei større greie enn dei separate historiene. Som mitt forhold til kortfilmar flest, som dette verkar som ei samling av, så er det best som interessevekkarar, og mindre bra på å involvere. Unntaket her er karakteren til Brittany Snow, som på grunn av si gjentakande rolle i ulik grad, blir eit midtpunkt for interessa.

Call Me Crazy: A Five Film er ein strukturell oppfølgjar til ein annan Lifetime-film, Five frå 2011. Som omhandlar situasjonen til folk og pårørande i samband med brystkreft.