Hopp til hovedinnhold
Plakat for Cape Fear (1991)

Cape Fear

Film
3

Martin Scorsese, nyinnspeling, Nick Nolte. Tolk det som du vil, men her betyr ikkje Martin Scorsese nødvendigvis høg kvalitet, nyinnspeling tull eller Nick Nolte dårleg skodespel.

Cape Fear er omtrent så midt på treet som det går an å bli. Her blir det veksla på rå kameraføring og tidlege 1990-talsklisjear, mykje hadde glidd godt inn i 1960-talsfilm, men blir feil her, utan at det er direkte dårleg.

Stemningsskapande musikk av godt kaliber får aldri fram den forventa sitringa, eg torer sei at Robert De Niro sin karismatiske psykopatiske eksfange blir meir morosam enn truande. Midt på treet halvveges gjennomført.

Robert De Niro verkar langt meir skremmande for A. R. Fullerton på Rewind/Forward (rewindforward.substack.com). Omtalen rosar både framføringa og musikken for å gjere filmen ubehageleg, men saknar sterkare forhold mellom familiemedlemmene. Eg er meir lunken til sjølve trugsmålet. Dei tekniske grepa og karismaen er på plass, men når eg opplever Max Cady som meir morosam enn farleg, får heller ikkje musikken bygd den spenninga eg ventar på.