Captain Blood - Filmdagbok

Captain Blood 1935

Captain Blood er den første av mange filmar Errol Flynn og Olivia de Havilland spela i lag i. Den mest kjente av dei er truleg The Adventures of Robin Hood, som Captain Blood også har felles regissør med.

I tillegg er filmen både ei nyinnspeling av ein film frå 1924, springbrettet til Errol Flynn inn i stjernetilværet og den første av mange swashbucklers-filmar frå Warner Bros.

Me er i det syttande hundreåret. Peter Blood er ein lege som verken er politisk eller opprørsk, men som berre ønsker å behandle ein alvorleg skada opprørar mot kongen James II. Han blir derimot trudd å vere del opprøret, og blir arrestert i lag med alle dei andre. Rettssaka er ein vits, og han blir sendt ut av England som slave.

Som plakaten, tittelen og stort sett alle oppsummeringar av filmen viser til, så blir Peter Blood på eit vis kaptein for it sjørøvarskip. Og eg lar handlingsreferatet vere med det.

Captain Blood er ein eventyrleg sak, med eksotiske miljø, reising, rømming, og så vidare. Det er nok futt og framdrift til at to filmar flyt godt, og det er ikkje kjedeleg eit minutt. Uretten som har skjedd Peter Blood driv filmen lenge, men livssynet og moralen til Blood tåler ikkje all påkjenning, og dermed kan også filmen fornye grunnlaget sitt etter kvart.

Det tar rett nok aldri helt av, til det er det heile litt for enkelt. Men enkelt kan vere bra. Og Captain Blood er sånn sett solid og enkel underhaldning heile vegen.