
Cargo
Cargo frå 2009 er ein tysk science fiction om livet i verdsrommet i 2270. Alle menneske har vore nøydd til å flytte frå jordkloten, og lev i verdsrommet. Heldige utvalde har fått reise til Rhea, ein jordkloteliknande planet langt, langt borte.
Laura (Anna Katharina Schwabroh) er dama i hovudrolla. Ho er lege og tar jobbar på frakteskip for å kunne finansiere flytting til Rhea. Handlinga speler seg ut under ein av turane til Laura. Mens resten av mannskapet ligg i djup søvn, og ho har nokon månader vakt, så byrjar det å skje ting på skipet.
Cargo er god på å levere spenning. Store delar av filmen bygger på at me ikkje ser kva som skjer, veit kvifor det skjer, men får observere konsekvensane. Gradvis blir eit større bilde avdekka. Men også gradvis mister filmen gnisten. Etter kvar som eg blir meir og meir klar over at filmen ikkje vel å gå sine eigne vegar, men spelar på uoriginale hendingsforløp, så finn Cargo seg ein plass blant gjennomsnittet. Det står ikkje på dette åleine, men sidan filmen ikkje har all verda å by på av gode dialogar, minneverdige skodespelarprestasjonar eller andre plussider, så spelar det ei stor rolle.
Grant Watson på FictionMachine (fictionmachine.com) får meir ut av filmen når han går frå ei kjend skrekkoppskrift til å utforske science fiction-ideane sine. Han rosar særleg det store, kalde lasterommet og lyden som gjer det urovekkande. Det er nettopp stemninga eg også set pris på, men me skil lag i vurderinga av det som kjem etter. Når det ukjende gradvis får ei forklaring, saknar eg ei meir særprega historie å feste interessa til.
Med dette i tankane kan eg ikkje anbefale Cargo vidare, så sant du ikkje er science fiction-fan og likar å få med deg det meste som er gjennomsnittleg bra.
