
Carmen Jones
Frå Otto Preminger kjem ei filmatisering av Bizet-operaen med ei fullstendig afrikansk-amerikansk rollebesetning.
I utgangspunktet likar eg Carmen Jones. Forteljinga er god og karakterane er både utspekulerte og egoistiske nok til å gjere det artig.
Det er musikken eg ikkje likar. Problematisk når filmen er basert på eit operastykke. Songnummera høyrest ikkje gode ut, tekstane er kjedelege og dei visuelle bitane til musikkframføringane er statiske. For meg så kjennest det ut som at filmen stoppar opp kvar gong det blir sunge ein song. Dette skjer ofte og varer lenge kvar gong.
Musikken og historia byter nesten plass i vurderinga på TSorensen 1001 Movie Blog (tsorensen1001.blogspot.com). Skribenten likar musikken betre enn forteljinga, og slit med egoismen til Carmen og måten ho øydelegg for andre på. Eg hadde meir sans for nettopp desse utspekulerte sidene ved personane. For meg er det songane som stoppar filmen, medan dei gir eit pusterom frå historia for denne skribenten.
