Carmen Jones - Filmdagbok

Carmen Jones 1954

Frå Otto Preminger kjem ei filmatisering av Bizet-operaen med ei fullstendig afrikansk-amerikansk rollebesetning.

I utgangspunktet likar eg Carmen Jones. Forteljinga er god og karakterane er både utspekulerte og egoistiske nok til å gjere det artig.

Det er musikken eg ikkje likar. Problematisk når filmen er basert på eit operastykke. Songnummera høyrest ikkje gode ut, tekstane er kjedelege og dei visuelle bitane til musikkframføringane er statiske. For meg så kjennes det ut som at filmen stoppar opp kvar gong det blir sunge ein song. Dette skjer ofte og varer lenge kvar gong.