
Carmencita
Her og der finner har du ein kortfilm som kanskje ikkje hadde vore så mykje betre viss dei hadde hatt musikk og fargar tilgjengeleg på slutten av 1800-talet. Men med Carmencita er det moglegvis motsett. Filmen viser oss ein fin dans og gir oss eit vakkert smil, men effekten av dette ville ha vore betre med vill spansk eller latinsk musikk frå framtreden, og farger som gjer at den flotte kjolen hennar ser endå meir majestetisk ut.
Det er framleis ein grei og tidlig innsats frå William K.L. Dickson og fin og sjå for filmentusiastar. Og med ei uvanleg høg speletid på 45 sekunder, som er mykje til å vere ein så tidleg film.
Det ser gøy ut sånn som ho ristar på armane og beina.
Skribenten på Century Film Project (centuryfilmproject.wordpress.com) legg også merke til smilet og inntrykket av at Carmencita sjølv har glede av dansen. Det er nettopp denne vesle kontakten som gjer opptaket verdt å sjå. Eg saknar framleis musikken og fargane som kunne gitt framføringa meir liv, men rørsla og smilet kjem gjennom også utan dei.
