Carol - Filmdagbok

Carol 2015

Ei ung kvinne blir forelska i ei eldre kvinne, og dei innleiar etter kvart eit vennskap som blir til meir.

Handlinga er lagt til tidleg 1950-tal Og eit forhold mellom to dei to kvinnene er ikkje akkurat utan komplikasjonar. Den eldste, spelt av Cate Blanchett, er gift. Den yngste, spelt av Rooney Mara, er friare sånn sett, men er i ferd med å oppdage at ho likar kvinner.

To enkle poeng er grunnen til at eg likar Carol. Det er eit godt drama, og med det meiner eg at det er dramatiske scener med ei viss tyngde. I tillegg er det god kjemi mellom Cate Blanchett og Rooney Mara.

Filmen har også andre styrkar. Han kjennest for kort med sine to timer. Historia er verdt å bli fortalt, og framstår ikkje som ei samling av utspekulerte og obligatoriske verkemiddel for å motta Oscar-nominasjonar. Sjølv om filmen då fekk dette. Det eg eigentleg meiner med dette er at filmen har ei evne til å engasjere meg i handlinga, ikkje henge meg opp i verkemidla. Dette er ei høgst subjektiv vurdering.

Carol er altså ein film eg likar og kunne tenke meg meir av. Rooney Mara er ein skodespelar eg forbind med godt skodespel og gode rollar, og dette drar Carol i positiv retning.