
Cars 2
Eg har mange favorittar blant Pixar-filmane, og Cars som er forgjengaren til Cars 2, er ein av desse. Opp til nivået Cars ligg på er Cars 2 eit stykke unna.
Med Cars 2 handlar det om å gjere alt større enn i sin forgjengar. Handlinga er verdsomspennande, og animasjonen er storarta. Men historia fell litt saman som tynn, og blir redda for det meste av mange finurlege innspel og fin humor.
Det vil ikkje si at det er ein dårleg film, men han har ikkje eit ønska preg av originalitet, heller eit preg av å spele på sin forgjengar.
Styrken til filmen er at han gjer sine eigne bilprega tolkingar av spionfilmar, byar og geografiske landemerke. Her verkar filmen gjennomtenkt, og det byr heile vegen på små humoristiske innstikk. Og det er her underhaldninga i filmen ligg. Ikkje i dei overordna historiene, som er noko tamme.
Det visuelle held framleis eit høgt nivå, sjølv om historia ikkje gjer det same. Frederick Cholowski på Fred’s Review Blog (fredsreviewblog.blogspot.com) rosar dei ulike stadene og den fargerike animasjonen, men meiner både humoren og kjenslene blir for påtvinga. Han er strengare enn eg er mot vitsane. Eg finn mykje moro i bilverda sine små detaljar, men er samd i at alt det flotte rundt handlinga ikkje gjer sjølve historia sterkare.
