Hopp til hovedinnhold
Plakat for Cars (2006)

Cars

Film
4

Eg er ingen stor fan av Pixar- og Disney-filmar, men tykker dei fleste er heilt greie. Difor har eg utsett å sjå Cars ganske så lenge no, men tok meg endeleg i dag meg tid til å sjå han.

Å for å komme til saka, dette var ein god film. Lang, men det ser eg ikkje på som anna enn eit pluss. Sjeldan har ein film som dette, som er retta ein del mot den yngre målgruppa, klart å fengje så bra her på hybelen.

Trass i bilane, her var det verkeleg sjel i bilde. Og så massivt med detaljar overalt, ingen tvil om at dette er planlagt ned til minste bildepunkt. Ei kort gjennomgåing av lista over tidlegare sette animasjonsfilmar i år, så kan eg vel fastslå at denne kjem best ut. Det er lenge sidan eg har kost meg så mykje med alle delene av ein animasjonsfilm, og ikkje berre historia eller animasjonen.

Detaljrikdomen er det vanskeleg å kome utanom. Nick Schager på Slant Magazine (slantmagazine.com) rosar særleg landskapa, lyset og overflatene, men meiner den trege historia ikkje held same nivå. Der er eg langt meir nøgd. For meg er ikkje dei flotte bilda noko som må vege opp for resten, men ein del av ei heilskapleg oppleving som verkeleg fengde. Eg koste meg med både forteljinga og verda ho fekk plass i.