Hopp til hovedinnhold
Plakat for Carts of Darkness (2008)

Carts of Darkness

Film
4

Den sjette filmen som blei vist på Katakombefilm 2019 (K14) var ein dokumentarfilm om samling av tomflaske og køyring av handlevogner.

Murray Siple er ein kanadisk regissør og tidlegare snøbrettkøyrar som etter ei bilulykke har hamna i rullestol. I Carts of Darkness har han oppsøkt ein mann som han oppdaga at køyrte handlevogner ned bratte bakkar i Vancouver i Canada. Mannen som køyrer handlevogna er Al, ein heimlaus mann og flaskesamlar. Gjennom Al blir Murray Siple kjent med ein del av miljøet av folk som lev av å samle flaske i Vancouver. Dei fortel om kven dei er og kva dei gjer, og legg ikkje skjul på mykje. Resultatet er at denne dokumentarfilmen blir eit tett på møte med blant anna heimlause personar på godt og vondt.

Filmen varer ein liten time, og kan varmt anbefalast. Det er ein fin og interessant sak, trass i at skjebnane me møter ikkje nødvendigvis er dei beste.

Lindsay Gibb på Spacing (spacing.ca) les filmen som meir enn ei skildring av ei uvanleg fritidsinteresse. Ho trekker fram korleis Murray Siple sine eigne utfordringar med å kome seg rundt blir knytte til møta med menn som òg har hatt det vanskeleg. Det er mykje av det som gjer dokumentaren interessant for meg. Farten lokkar oss inn, men nærleiken til menneska blir verande.