Hopp til hovedinnhold
Plakat for Casablanca (1942)

Casablanca

Film
3

Casablanca må vel seiast å vere ein av dei mest ikoniske og kjente filmane gjennom tidene.

Dette er eit romantisk drama sett til byen Casablanca i Marokko under andre dei tidlege dagane av verdskrig. Filmen handlar om eit tilfeldig møte mellom to tidlegare elskarar, spelt av Humphrey Bogart og Ingrid Bergman.

Det må også seiast at eg er ein stor fan av Humphrey Bogart, og aldri nølar med å sjå ein film av han. Casablanca har hard konkurranse, og vinn ikkje så godt fram som nokon av dei andre filmane med Humphrey Bogart, men er likevel ein veldig fin film.

Likevel sit eg med kjensla av at dette først og fremst var ein film å sjå på grunn av den historiske statusen han har. Ikkje at eg kunne vite det på førehand, men han gir meg ikkje så mykje som eg skulle ønske, og då blir dette det eg sit igjen med i ettertid.

Kva filmen gir ein, kan også endre seg med alderen. Debbi Mack skriv på I Found It at the Movies (debbimacktoo.wordpress.com) at ho etter kvart forstod betre kor samansett kjærleiken er, og kor små enkeltmenneska blir i møte med krigen. Det er eit interessant perspektiv på ein film eg først og fremst sit igjen med som eit ikon. For henne ligg verdien også i noko som blir meir forståeleg gjennom livet.

Likevel angrar eg ikkje på nokon måte å ha sett han. Det er ein god film, berre ikkje blant dei beste med Humphrey Bogart.