Case Closed: Countdown to Heaven - Filmdagbok

Case Closed: Countdown to Heaven 2001

Den femte filmen med Mesterdetektiven Conan, er Meitantei Conan: Tengoku no countdown.

Eit par høye bygningar er blitt bygd i Tokyo, og blir opne for allmenna. Så skjer nokon mord knytt til folk som igjen er knytt til tårna. Conan og vennene hans byrjar å leite etter spor etter mordaren. Og blant dei mistenkte er den kriminelle organisasjonen som krympa Conan.

Meitantei Conan handlar om ein ungdom og detektiv som blir krympa til eit barn. Mens han etterforskar kven som gjorde dette mot han og kvifor, held han identiteten sin skjult, og latar som han er eit barn.

Kvar film, manga eller episode i animeserien er saker som dukkar opp undervegs mens han søker etter svar, og blir saker som han må løyse. Ofte ved å late som det eigentleg er andre vaksne som løyser sakene.

Meitantei Conan: Tengoku no countdown har med to kriminelle karakterar som har ein del å seie i Conan-samanheng: Gin og Vodka. At desse er involvert i handlinga omkring tårna, gjer dette ekstra spennande og relevant i det store og heile.

Eg ser ein og annan Conan-film i blant, og tykkjer at det er blant det meir underhaldande av anime. Dette er både inspirert av, og ein hyllest til, Sherlock Holmes, utan at det tar heilt av. Det er altså gode krimmysterier. I tillegg er det også ein dose humor. Ei blanding som fungerer godt.

Den engelske tittelen til filmen er Case Closed: Countdown to Heaven.